Min Handlevogn

Lukk

GRATIS LIEWOOD TOTE BAG VED BESTILLING OVER KR.1000,-

Kattnakken Pøs Regnsett Navy

Designer: Kattnakken

699,00 kr
Size
Mengde
- +

Me har laga ein ny liten flokk av regnsett.

Nett som i eventyret om bukkane Bruse, er dei ulike i si framtoning og eigenskapar.

Alle setta er laga i gode kvalitetar og av flinke leverandørar,

men prisen og eigenskapane er noko ulike.

Me kallar dei Yr , Pøs og Plask.


PØS

I dette settet er jakke og bukse i same kvalitet.

Begge delar har børsta innside som lunar godt. Me har sjølvsagt refleksar på både bukse og jakke.

Dette settet har ikkje vannstoppar i ermer eller bein, men me har med den slitesterke gummien under foten.  

Sveisa saumar og sikker hette som er både avtagbar og regulerbar.

Gode kvalitetar og sterke saumar held regnet ute dagen lang!

Vannsøyle på 20 000 mm. 

 

 

Vårt regntøy er printa for hand og det kan derfor forekomme små variasjonar i printet. Dette påverkar ikkje kvaliteten i regntøystoffet.